Meny
kbg-1_980x300-drommekjokkenet.jpg

VI SØKJER KJØKENDESIGNER-/SELJAR

Trelast AS/Drømmekjøkkenet Sunnmøre har selt kjøken frå Drømmekjøkkenet sidan 1994. Vår kjøkenavdeling er i stadig vekst, og vi ynskjer no å knytte til oss ein ekstra person som på sikt skal ta over ansvaret for avdelinga.

Dine hovud-arbeidsoppgåver vil vere:

  • Kundeoppfølging, møter i butikk og heimebesøk
  • Teikning og prosjektering av kjøken, garderober, baderoms- og vaskeromsinnreiingar
  • Tilbodsutarbeiding
  • Bestillingar og løpande oppfølging av leveransar
  • Kontinuerleg oppfølging av våre interne rutiner slik at vi etterlev målet om 0 feil
  • Utarbeiding av eige budsjett for kjøkenavdelinga
  • Oppfølging av økonomi og fakturering i prosjekt, i samarbeid med dagleg leiar i Trelast AS
  • Ansvar for lokal marknadsføring gjennom Facebook, Instagram, Google Adwords, samt ansvar for planlegging av filmsnuttar til båt/ferje og kino.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå sal-/service
  • Du må inneha stor interesse for interiørfaget
  • Erfaring med CAD-program (Winner)
  • Ambisiøs, kunde- og løysingsorientert
  • Gode sals- og kommunikasjonsevner
  • Gode kommunikasjonseigenskapar muntleg og skriftleg (norsk)
  • Førerkort kl. B

Som ein del av kjøkenavdelinga vil du få høve til å lære av ein av Drømmekjøkkenet sine dyktigaste kjøkenseljarar. Vi legg stor vekt på at du, som nytilsett, vil få ein godt tilrettelagt arbeidskvardag, og all hjelp og hjelpemiddel som trengst for at du skal oppleve framgong som kjøkenseljar.

Trelast AS er per i dag 8 tilsette. Vi held til på Hareid på Sunnmøre og byggjer hus, hytter og leiligheiter, i tillegg til at vi er forhandlar for Drømmekjøkkenet. Trelast har bygd ut søre Sunnmøre sidan 1951.

Tilsetjingsform og løn:

  • Fast stilling 100 %
  • Løn etter avtale. 

SEND SØKNAD TIL
tgb@trelast-as.no og merk eposten med kjøkendesigner/-seljar


FRIST FOR SØKNAD
Søknad med CV må vere inne seinast 24.mars 2019

YNSKJER DU Å VITE MEIR OM STILLINGA
ta kontakt med dagleg leiar Terje Giskeødegård Balsnes, tlf. 942 62 699

"Det er noko spesielt å få vere ein del av det inspirerande arbeidet som skapar varemerket Ballingsløv i Sverige og Drømmekjøkkenet i Noreg. I alle ledd har vi stoltheit over dei produkta vi produserer og sel. Derfor blir også det daglege arbeidet inspirerande. Vi kallar det kvardagsglede - men det er så mykje meir! Her finnast tryggleiken gjennom bedrifta si historie, inspirasjonen ved å få arbeide med kjøken, bad og garderobe - ting som er viktig for kvardagane, som det trass alt er flest av. "